Årets første "topptur"

Våkna opp idag til nysnø ute, og da greide eg ikkje å dy meg. Fram med skiutstyret og ut på tur! Kjørte til Fursetfjellet og sette kurs rett mot toppen av Raudheia, 669 moh. Raudheia er ein grei tur, kort oppstigning, men har fantastisk utsikt. Den utsikta såg eg ikkje mykje til i dag, på toppen blas det ganske frist og sikta var ikkje noko særleg. Så det var berre å få av fellene og komme seg ned igjen. Ganske flatt lys i starten, og lite men hard snø. Etterkvart vart lyset bra og føret mykje betre, det vart puddersvingar!! Merka det godt i låra, men slik er første turen. Godt å vere igang!



















Kommentarer