Panoramajakta held fram; Sørvestre Småholtind, 1591 moh, Norddal/Rauma
Forrige veke var det meldt eit vervindu frå onsdag ettermiddat/kveld til torsdag midt på dag, og det måtte utnyttast i jakta. Kjaur til Slettvikane onsdagskveld og slo opp teltet. Det vart ein fin kveld. Torsdag morgon var det tidleg oppstandelse, med håp om tur i fint ver. Ikkje vanskeleg å stå opp når det er slik utom teltet! Rutevalget opp til Meiadalskoppen var kanskje noko av det dårlegaste på langt tid... Har leita på kart og flyfoto etter stiar, og speida med kikkert, men kunne ikkje sjå noko. Så starta ut frå Byksebrua og prøvde å halde meg til opne parti, før eg måtte gjennom urskog. Utruleg sakte framdrift gjennom bushen, så var veldig glad då eg kom opp i urda. Så bratt i greit terreng opp til Meiadalskoppen. Godt oppe i lia der fekk eg sjå noko som likna på ei bru eit godt stykke lenger ned ved elva. Fram med fotoapparat og full zoom, og jaggu meg var det ikkje ei bru der! Kanskje var det også ein sti der?? Bestemte meg for å gå ned der, frista IKKJE å ...