søndag 9. juli 2017

Panoramajakta held fram; Sørvestre Småholtind, 1591 moh, Norddal/Rauma

Forrige veke var det meldt eit vervindu frå onsdag ettermiddat/kveld til torsdag midt på dag, og det måtte utnyttast i jakta. Kjaur til Slettvikane onsdagskveld og slo opp teltet. Det vart ein fin kveld.



Torsdag morgon var det tidleg oppstandelse, med håp om tur i fint ver. Ikkje vanskeleg å stå opp når det er slik utom teltet! 


Rutevalget opp til Meiadalskoppen var kanskje noko av det dårlegaste på langt tid... Har leita på kart og flyfoto etter stiar, og speida med kikkert, men kunne ikkje sjå noko. Så starta ut frå Byksebrua og prøvde å halde meg til opne parti, før eg måtte gjennom urskog. Utruleg sakte framdrift gjennom bushen, så var veldig glad då eg kom opp i urda. Så bratt i greit terreng opp til Meiadalskoppen. Godt oppe i lia der fekk eg sjå noko som likna på ei bru eit godt stykke lenger ned ved elva. Fram med fotoapparat og full zoom, og jaggu meg var det ikkje ei bru der! Kanskje var det også ein sti der?? Bestemte meg for å gå ned der, frista IKKJE å gå same veg tilbake.

Oppe i Meiadalskoppen vart det flatt terreng langs vatnet, men mykje snø. Med små unntak hadde eg kunne gått på ski herifrå (926 moh) og opp til toppen.

Meiadalskoppen
Det er utruleg mykje snø i fjellet til uti juli og vere. Så, det var berre å stampe seg oppover, takk for at eg tok med skistavar som hjalp til med framdrifta. Vegen opp frå vatnet gav seg sjølv, tok sikte på den litje toppen på 1290 moh, runda under, så langs nytt vatn før eg skråa opp fjellsida. Så var det eit lite stykke i fin urd til toppen.
Trollveggen i det fjerne

Høgfjellet
Veret var ikkje som meldt, det var surt og kaldt, så opphaldet på toppen vart ikkje langt. Det var også nysnø på dei høgste toppane i området.

Eg hadde bestemt meg for å gå på nabotoppen Vestre Småholtinden også, men dagsforma var så råtten at eg berre ville heim, så eg droppa den korte omvegen og snudde nedover. Det som er bra med all snøen er at høgdemetra ned igjen er ganske snille for kroppen. Det er berre å jogge nedover i staden for bremsing i bratt terreng.

Der elva renn ut av Meiadalskoppen fann eg eit par vardar, men dei var like fort borte som dei dukka opp. Så, eg kryssa meg ned langs gras og lyngryggar ned til brua.




Så var det tilbake til bilen langs vegen. Då eg stod der nede var det fram med kamera og full zooming igjen på leit etter ein sti oppover. Det var ein tydeleg sti ved brua, men kor den går vidare veit ikkje eg. Veit noko er det berre å seie i frå!

Tilbake ved bilen var eg eigentleg litt irritert på meg sjølv fordi eg hadde snudd og ikkje tatt med den andre toppen. Må eg opp den lia igjen?? Trur det kan vere mogleg å ta den toppen frå andre sida, frå Småhola, så skal vurdere det ganske sterkt!

Men uansett, panoramatopp nr. 190 er i boks!
Kart over turen under.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar