Innlegg

Storfjellet 794 moh

Bilde
I dag har eg tatt turen til Storfjellet, 794 moh i Gjemnes kommune. Fjellet blir kalla Rødfjellet frå Batnfjords-sida, men sidan eg tok turen frå Storlandet, blir det der kalla Storfjellet. Storfjellet var eg ofte på før i tida, men det er sikkert 10 år sidan sist, så det var på tide med ein ny tur. Starta frå Søvika og gikk inn Bjørndalen og opp på fjellet. Oppe på toppen ligg eit lite vatn, og der var det vindstille og perfekt for å fyre opp kaffen og kose seg med den fantastiske utsikta. Turen ned gikk via Blakstadskaret og Stokkdalen til Stokke. Trass i at fjellet er ganske lågt, er det ei fantastisk utsikt frå toppen. Her ser ein langt inn i Trollheimen, heile Romsdalspanoramaet, Hustadvika, Grip, Smøla, Tustna...360 graders panorama. Det vart ein fantastisk tur på ein aldeles nydeleg haustdag, og eg fekk med meg ein nydeleg solnedgang og måne på veg heim! Ta turen! Kart over turen finn du her

Fantastisk tur på Romsdalseggen

Bilde
I går tok fire damer turen over Romsdalseggen. Og for ein tur det vart! Nydeleg ver, spektakulær utsikt og godt selskap, og alle var einige om at det var ein fantastisk fin tur! Bilder seier meir enn ord når det gjeld denne turen. For meir info om turen, sjå innlegget om samme tur frå ifjor her.

Stisykling Kringstad-Kringstadsetra-Langvatnet

Bilde
I dag har eg oppdaga ei lokal perle- Langvatnet! Starta frå parkeringa på Kringstad (rett før Djupdalen) og sykla opp til Kringstadsetra. Fin skogsveg på turen opp dit. Frå Kringstadsetra til Langvatnet går det over i sti, som innimellom er ganske steinete og inneheld eit og anna myrparti, før du kjem til brua kor du kryssar Haukabøelva som renn ut av Langvatnet. Stien langs Langvatnet er tidvis fin og sykkelbar, medan andre parti er trilling. Omlag halvvegs på vatnet kjem du inn på skogsveg, som til slutt ender på Åndal i Fræna. Eg sykla ned til ein bom, omlag ved Åndalssetra, før eg snudde og tok samme veg tilbake. Eg har aldri vore i dette området før, men det skal gjentakast. Ei fin lita bynær perle mellom Molde og Fræna. Kart over turen er HER . Film kjem ein dag seinare.

Flott haustdag i Molde

Bilde
Sykla ein liten omveg heim frå jobb idag, var oppom Varden. Fantastisk utsikt og flott ver!

Sol og varme på Rhodos

Bilde
Har no vore ei veke på "grillen" på Rhodos- utrulig godt med sol og varme etter ein heller dårleg sommar. Knallblå himmel, sol, bading, mange gode bøker, god mat og drikke og ein anelse solbrent...men all farge er god farge!!