Panoramajakta held fram; Storbotnshorna 1360 moh og 1370 moh, Ørskog

I dag er det eit år sidan denne turen, så kanskje på tide å skrive nokre ord om den!! 2 x Storbotnshornet viste seg å bli dei siste panoramatoppane i 2017. Eg stoppa tilslutt på 209 toppar.

Turen starta frå Grytalisetra mellom Vaksvik og Tresfjorden, kor Benthe og eg hadde overnatta i telt. Det var ein nydeleg kveld.


Grytalisetra er også utgangspunkt for turar både til Lauparen og Kvitknyken.


Storbotnshorna er ein plass omtala som Ørskog kommunes mest utilgjengelege toppar. Seier meg ikkje ueinig i det, må over fleire andre fjell på vegen dit. I biletet under er det mogleg å sjå den austlegaste toppen til venstre for markant fjell midt i biletet.


Med godt mot la vi i veg innover langs stien til Lauparen. Etter ca 1 km kryssa vi elva og sikta oss inn mot Litlebotnsvatnet. Kart over heile turen finn du nedst på sida. Det er vanskeleg å finne god sti på dette strekket, men vi fann sauetråkk vi fulgte i ny og ne. Oppe ved Litlebotnsvatnet tok vi ein liten pust i bakken før vi starta på den bratte bakken opp til Fremste Skorka/Litlebotnstinden. Der oppe var utsikta storslagen, og vi fekk endeleg utsikt til dagens turmål!

Lauparen, Brudefølgjet, Grytavasstinden, Grytavatnet

Lauparen og Brudefølgjet (som eg var på nokre veker før)
Fri utsikt til dagens mål, Storbotnshorna. Men før vi kunne starte på den ryggen måtte vi over Sandegga, kor vi tok lunsj og studerte fjell i alle himmelretningar.


Var litt spent på ruta opp til det vestlegaste Storbotnshornet. Hadde googla meg fram til at det var eit par parti der som var i klyve/klatre-gata, så vi var spent i det vi nærma oss.


Det var to relativt korte parti som var litt utfordrande og kor vi valgte å sette nokre få sikringar. Ved nærare ettersyn viste det seg at vi kunne ha omgått det eine partiet til høgre... ned igjen gjekk vi rundt for å seie det slik!


Endeleg stod vi på toppen av Storbotnshornet vest! Men vi hadde brukt så lang tid så langt på turen at vi tok ikkje lange stoppen den før vi fortsette mot neste topp.

På Storbotnshornet vest 1360 moh
Turen bort til det austlege Storbotnshornet gjekk unna i full fart, fint og lettgått terreng. 

Storbotnshornet aust 1370 moh






Panoramatopp nr. 209 i boks!

I og med at vi hadde brukt så lang tid på turen opp sette vi straks kursen tilbake igjen. Returen går jo over fleire fjell. Vi hadde jo vore såpass oppegåande at vi hadde fått med oss moglegheitene for å omgå eit av dei vanskelege punkta, så det var berre ein plass vi tok fram tauet. Kort rapell på ca 10 meter, og vi var nede. 





Tilbake ved Litlebotnsvatnet var det berre å dundre på nedover. Eg skulle reise bort med første fly neste morgon og hadde absolutt ikkje pakka....

Ein lang og fin dag på fjellet var over. Takk for turen Benthe!




Kart over turen



Eg har tidlegare vore på fleire turar i området, til alle toppane rundt Litlebotnsvatnet. Ein vakker dag skal eg gå heile traversen frå Heimste Skorka/Sandfjellet og over til Grytavasstinden, det må vere ein av dei finare ryggtraversane her i strøket.

Her kan du lese om turen til Sandeggene og Fremste Skorka, her om turen til Heimste Skorka/Sandfjellet.


Kommentarer