Panoramajakta held fram; Såta 1131 moh, Mittet.

Idag tok eg turen til Mittet, kor eg køyrde bomvegen til Skrukkensetra så langt den gikk (50 kroner). Målet for dagen var Såta, og kanskje ryggen vidare austover mot Måsvasstind og retur om Måsvassbu. Sjå biletet under.

Eg følgde merka sti til Måsvassbu opp til Måsskardet og der var det skilta i retning Såtvatnet. Fin sti heile vegen innover, så her var det berre å småspringe innover.


I Såtskaret tok eg ei matpause, og det var fint å ligge i lyngen...plutseleg hadde eg sove i over ein time!! Så da var det nye krefter til siste stigninga opp til Såta.






Det er ca 400 høgdemeter frå Såtskaret til toppen, og dei gjekk overraskande fort! Det er ganske bratt, så det er berre å krysse seg oppover. Utsikta vart betre og betre jo meir eg pesa, og plutseleg var eg oppe!  Tok ein lengre matpause på toppen og nytte utsikta, som desverre var litt begrensa på grunn av lågt skydekke.



Ryggen eg vurderte å gå tilbake midt i biletet.

Smørbotn og Kvassetind litt til høgre i biletet.







Vurderte om eg skulle følge ryggen vidare austover og returnere om Måsvassbu, men skydekket vart ikkje høgare og skodda med sur og kraftig vind kom, så fann ut at eg berre skulle ta samme veg tilbake. Tilbaketuren gjekk i rask jogg, og etter at eg hadde passert elva frå Såtvatnet kutta eg tvers over myrene og tilbake til bilen (sjå kartet).

Ein fin tur, men litt kjedeleg anmarsj inn til fjellet, derfor vart det som ein treningstur. Knappe tre timar opp og ned, i tillegg til pausar.

Panoramatopp nr. 130 i boks!




Kommentarer