Panoramajakta held fram, Rekdalshesten og Urfjellet

Forrige torsdag stakk tre byråkratar frå jobb litt tidlegare, og sette kursen mot Rekdalen. Dagens mål var Rekdalshesten og Urfjellet. Vi starta frå Rekdalssetra og følgde skilting opp i skogen. Etter det var det ingen problem å finne stien til topps. Fin sti og overkommeleg tur for dei fleste. Utsikta frå toppen var det ingenting å seie på! Etter ein liten rast sette vi kursen mot Urfjellet før vi gjekk tilbake til Rekdalssetra. Alt i alt ein kjempefin rundtur i fint og lettgått terreng.
Panoramatopp nr. 101 og 102 i boks!!

Takk for turen Sigri og Anne Berit!










Kommentarer