Årets tur til sydlegare strok - Sardinia og Roma

Årets tur til sydlegare strok gjekk til Sardinia og Roma. Først sette Tonje og eg kursen mot Olbia på austkysten av Sardinia. Dit kom vi ein sein kveld, men med litt knoting og hjelp frå GPS´n så fikk vi manøvrert peugoten vår fram til hotellet. Neste morgon sette vi kursen sørover langs kysten til ei strand vi hadde fått anbefalt- La Cinta. Stranda var sikkert fin den, men var nesten umogleg å sjå noko som helst pga. alle folka! Men herrrleg å kjenne sol og varme og ta eit forfriskande bad! 











Desse var det mange av, ialle fargar og aldrar!












Etter ein dag på grillen sett vi kursen tvers over øya til byen Bosa. Bosa er ein liten og sjarmerande by som ikkje er særleg turistifisert. Det vil seie, det går ingen charter-trafikk der, så det var for det meste italienarar på ferie der. Det tok nesten ei veke før vi høyrde norske stemmer. Vi var i Bosa i ei veke, og for det meste kosa vi oss på Bosa Marina, 5 minutt med bil frå byen. Stor og fin strand utan alt for mykje folk. 




Bosa Marina
Utsikta frå takterassen vår!

Bosa by morning! fint å jogge i områda rundt byen.


Artig landskap og mykje kaktus!





Italienerane kan kaffe!
Bosa
Utsikta ei vekes tid i Bosa

Bosa by night








Mykje godt!






















Ein dag tok vi oss ei utflukt langs kysten sørover til Santa Catarina La Pitturinu. Her var landskapet flatare og det var ein del fine klipper langs strandkanten.





Etter ei veke i Bosa sette vi kursen nordover til Alghero. I forhold til Bosa, så var Alghero mykje større, full av charterturistar og med unntak av gamlebyen, så mangla den sjarm. Vi var der knappe fire dagar, og fann oss ei strand langt unna charterfolka og byen og nytte livet. Ein dag tok vi utflukt til Stintino og stranda La Pelosa, som i følge bøker og internett skal vere den finaste stranda på Sardinia. Der møtte vi også på Kristin og Tom som kom køyrande frå aust-kysten. 






Stintino og La Pelosa


Utanfor Alghero:

Morgonlukke!

Etter ei og ei halv veke på Sardinia starta vi på turen heim, med ein stopp i Roma. Der var vi i tre dagar, og ved hjelp av apostlanes hestar og kredittkortet fekk vi raska over mange sjåverdige stader og butikkar. Vi var ikkje inne på nokre av dei store sjåverdigheitene, med unntak av Phanteon, vi var nemleg ikkje så gira på å bruke den korte tida vi hadde til å stå i kø. Så vi må definitivt tilbake igjen, men då kanskje utanfor den verste ferietida for italienarar og sør-europearar.



Spansketrappa
Trevi-fontena

Colosseum




Phanteon

Joggetur til Peterskyrkja og Vatikanet




Smale fortau i Roma, ikkje akkurat universelt utforma heller!!








Kort oppsummert - ein kjempetur!

Kommentarer

  1. Mange fine bilder du har tatt :-) Har vært litt rundt i Italia selv, men har ikke besøkt Bosa. Bestilte meg nettopp en tur dit nå i starten av oktober. Jeg skal bo på hotellet Sa Pischedda . Håper det står til forventningene :-)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar