søndag 12. august 2012

Ferie del 2, Panoramajakta held fram- Sandfjellet 1470 moh - toppen av Vestnes

Har i lengre tid tenkt meg ein tur til Sandfjellet, høgaste fjellet i Vestnes kommune. Prøvde meg på ski ein tur i mai, les meir her, men måtte snu pga. ekle snøforhold. Idag var det nok ein dag med fint ver, så det var berre å komme seg på ferga over fjorden og snøre skoa.

Køyrde inn i Tresfjorden, og tok av mot Øvstedalen heilt til eg kom til bomveg ( Kleivavegen -20 kr) som eg fulgte heilt til slutt. Frå parkeringa går det rett opp lia og etter ein halvtime med pusting og pesing var eg oppe på Dalskleiva ved Kleivavatnet. Derifrå kan ein ta turen både til mellom anna Sandfjellet, Kvasssetind, Storbua, Skorkjene og Pusken (Overøye). Eg fulgte raudmerka sti frå Dalskleiva, til Aksla og opp Jolbotnet til toppen av Sandfjellet. Litt snø siste 200 høgdemeter, men ellers fin og tørr tur. Fantastisk skue frå toppen, og sjeldan har vel ein øl-boks smaka betre!

Så, kryssar av nok ein topp og har vore på toppen av Vestnes!

Fin start på turen over Moldefjorden

Kleiva, her kan ein velge mellom mange toppar

Mot Sandfjellet og Storbua


Sandfjellet til venstre, Kvassetind i midta og Storbua til høgre






Kvassetind og Storbua


På toppen!

Utsikt mot Molde, Øspetind, Geitmjølktind..
Top of the world!
 

Måndalen nede ved fjorden



Mot Sunnmøre

Næremstindane, står på lista over toppar som skal takast snart!

Skodda kom inn på kvelden

Magisk på Moldefjorden


og plutselig kom sola fram igjen!

...det samme gjorde Opstadhornet...

...og hurtigruta...

...og Seilet


Kveld i Molde
















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar